top of page

Siste skrik

BILETA ER HANDTEIKNA MED BLYANT

og kombinert med tekstilar som fargeelement. Dei vert trykt som D.G.A. kunsttrykk i opplag på 40 nummererte og signerte eksemplar.

I Peugeoten til Besten såg eg min første mobiltelefon.

Han var stor som ei skoøskje, og fastmontert mellom framsetane.

Han hadde telefonrøyr og ledning med krøll,

og var alldeles banebrytande.

 

Størst var dagen me fekk datamaskin.

Ho var i tre delar og hadde spesialmøbel

og eigen datakrok.

Ho hadde ikkje internett, men ho hadde kabal.

Sjølfie var ikkje eit ord på denne tida,

men det var sjølvutløysar.

I fotoalbumet har me bilete med ein uklar Pappa midt i svevet der han kastar seg inn framfor

resten av familien på skitur.

Eg hadde puls då eg kjøpte smarttelefon.

Han var ein revolusjon i kvit design,

og han fekk plass i lomma.

Då han byrja å telje skritta mine

såg eg at me hadde gått for langt.

Kunsten å vera menneske

BILETA ER HANDTEIKNA MED BLYANT

og kombinert med tekstilar som fargeelement. Dei vert trykt som D.G.A. kunsttrykk i opplag på 40 nummererte og signerte eksemplar.

Det er ikkje lett å vera kvinne.

Du skal vera ei god veninne, god vertinne,

god kone og god mor.

God husmor, god kokk, god gartnar

og helst ein nokolunde god handyman.

Du skal ha god økonomi, god karriere,

god garderobe og kanskje viktigast av alt,

ei skikkeleg god rumpe.

Men så er det ikkje så lett å vera mann heller. Dei skal jo leva opp til oss kvinner.

Svartkvit kolleksjon

Utvalde motiv frå serien i svartkvit variant.

Opplag på 40 eksemplar.

Naturkollisjon

BILETA ER HANDTEIKNA MED BLYANT OG FARGEBLYANT.
Dei vert trykt som D.G.A. kunsttrykk
i opplag på 40 nummererte og signerte eksemplar.

Denne serien vart til etter eit år i London.

Brotet mellom kultur og natur vart så tydeleg for meg her, eg som var oppvaksen i fjella på Voss.

Dette var i 2012.

Det interessante, og litt urovekkjande, med denne serien er at den vert stadig meir relevant.

Liten litt til

BILETA ER HANDTEIKNA MED BLYANT

og fargelagt digitalt.

Dei vert trykt som D.G.A. kunsttrykk i opplag på 40 nummererte og signerte eksemplar.

Då eg var liten gleda eg meg til å bli vaksen.

Då skulle eg velje alt sjølv kvar dag.

Så blei eg vaksen,

og måtte velje alt sjølv kvar dag.

Lat meg vera liten litt til.

SISTE SKRIK
NATURKOLLISJON
KUNSTEN Å VERA MENNESKE
LITEN LITT TIL
bottom of page