
Stine Eide
Stine Eide

Stine Eide er ein norsk biletkunstnar som arbeidar med nyskapande blyantteikning.
Bileta er basert på handteikna, hyperrealistiske blyantteikningar som er kombinert med ulike material
og teknikkar.
Det særeigne uttrykket er utvikla med eit ynskje om å skapa ny og moderne kunst ut frå tradisjonell teiknekunst.
I kunsten til Stine finn ein ofte aktuelle tema som samfunnsutvikling og feminisme.
Både lett og blytung tematikk vert tatt på kornet med eit humoristisk skråblikk som kan vekkje humrande attkjenning hjå dei fleste.
​
Stine Eide er medlem av Norske billedkunstnere og Tegnerforbundet, og har utdanning frå Voss, Bergen, Queensland og London.
Ho vart utøvande biletkunstnar på heiltid i 2013 og har sidan hatt ei rekkje utstillingar i Noreg.
I 2016 etablerte Stine seg med eige galleri i sentrum på heimstaden, Voss.
Kontakt
Stine Eide
GALLERI & ATELIÉR
​
Vangsgata 33
5700 Voss
​
FASTE OPNINGSTIDER:
Onsdag - Fredag​: 10.00 - 16.00
Laurdag: 10.00 - 15.00
Galleriet opnast gjerne utover faste opningstider etter avtale.
Ring eller ta kontakt dersom du ynskjer å vitja galleriet utom opningstida.
​
Ynskjer du bilete tilsendt kan du ta kontakt på e-post, telefon eller sosiale media.
​
tlf: 98481539

CV
SOLOUTSTILLINGAR
2013, Banksmidja, Voss Kunstlag, Voss
2015, Aksel Kolstad's Café de Concert, Oslo
2015, Finborud Galleri-Verkstad, Voss
2016, Galleri N. Bergslien, Eidfjord
2017, Kulturhuset Gamlebanken, Nordfjordeid
2017, Galleri Syningen, Ål kulturhus, Ål
2017, Galleri G Guddal, Rosendal
2018, Vault studios, Bergen
2020, bLEST Litteraturfestival, Tysvær
GRUPPEUTSTILLINGAR
2010, Tre Brør Kafe, m. Turi Løvik Kirknes, Voss
2011, Banksmidja, m. Voss Kunstlag, Voss
2012, University of East London, London
2014, Galleri Allmenningen, juleutstilling, Bergen
2014, Tegnerforbundet, medlemsutstilling, Oslo
2015, Flora Kunstlag, juleutstilling, Florø
2015, Galleri G Guddal, juleutstilling, Rosendal
2015, Galleri Puls, juleutstilling, Norheimsund
2015, Finborud Galleri-Verkstad, juleutstilling, Voss
2017, Galleri Salen, sommerutstilling, Selje
2020, Heradsutstillinga, Voss kulturhus, Voss
2020, Bryggeutstillinga, Rakvåg
2021, Bryggeutstillinga, Rakvåg
2022, Bryggeutstillinga, Rakvåg
​​
​
UTSAL
2013, Voss Kunstlag, Voss
2015 - 2018, Galleri G Guddal, Rosendal
2014 - 2021, Galleri Allmenningen, Bergen
Frå 2016, Stine Eide Galleri & Atelier, Voss
Frå 2019, Tores Kunst & Ramme, Stavanger
Frå 2020, Galleri Hantho, Haugesund
Frå 2020, Galleri Bi-Z, Kristiansand
Frå 2021, Gategalleriet, Bergen
Frå 2022, Galleri ER, Sandefjord
Frå 2023, Galleri Klara, Stjørdal
PROSJEKT
2015, Utstilling til klassisk konsert “Brahms og kvinnene" med Aksel Kolstad, Cantare og Randi Clausen Aarflot, Fredrikstad og Oslo.
2016, Landmark, Festivalkunstnar ved Phonofestivalen 2016, Bergen
​
2020, Festivalkunstnar ved bLEST Litteraturfestival 2020, Tysvær
MEDLEMSKAP
Tegnerforbundet
Norske Billedkunstnere
Voss Kunstlag
​
​
UTDANNING
2002 - 2005, Voss Husflidskule, teikning, form og farge
2006 - 2007, Noroff Instituttet, Multimediedesign
2008, Griffith University, BA Visual Media, year 1
2011 - 2012, University of East London, BA Fine Art, year 2
UTMERKINGAR
2008, 'Griffith Award for Academic Excellence 2008'
ARBEID
2006 / 2011, Kunstassistent for grafisk kunstnar Kristian Finborud, Voss
2012, Portretteiknar ved NACUE Create event, Royal College of Art, London